Danny Street (fødd Joseph Wilson Drysdale 22. april 194121. april 2010) var ein skotsk songar, studiomusikar og storbandvokalist.

Danny Street
Fødd22. april 1941
Død21. april 2010
FødenamnJoseph Wilson Drysdale
Sjangerstorband
Instrumentvokal
Verka somsongar

BiografiEndra

Frå november 1962 tok han namnet Danny Street, og var vokalist for Johnny Howard Band, som ofte var å høyre på Easy Beat på BBC radio. Han slutta i dette bandet i 1969 og som soloartist song han ofte med BBC Radio Orchestra, dirigert av Malcolm Lockyer.[1][2]

Danny Street vart skildra som den britiske Jack Jones. Han var ofte å høyre på BBC Radio-programmet Big Band Special, som byrja å gå i 1979.

Sidan var han medlem av Cliff Adams Singers som song på Sing Something Simple for BBC Radio 2 i 14 år. Han var òg korvokalist på TV-program som The Two Ronnies, The Val Doonican Show og The Des O'Connor Show.[1][2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Danny Street The Daily Telegraph, 27. april 2010, henta 27. oktober 2019.
  2. 2,0 2,1 Danny Street The Stage, 10. mai 2010, henta 27. oktober 2019.

BakgrunnsstoffEndra