Dansk Sprognævn (DSN) er den statlege danske språknemnda, og har ansvar for å følgja dansk språkutvikling og slå fast den offisielle rettskrivinga på dansk. Ho vart oppretta i 1955, og verksemda er regulert i ein lov frå 1997, Retskrivningsloven. Nemnda gjev ut ei rettskrivingsordliste og bladet Nyt fra Sprognævnet, som sidan 2017 berre har kome ut digitalt.[3]

Dansk Sprognævn

Org.formStatleg administrativ eining i Danmark
CVR‑nummer59190628
Skipa17. mars 1955
HovudkontorBogense[1]
LandDanmark
Dagleg leiarThomas Hestbæk Andersen[2]
Nettstadhttps://dsn.dk/ (dansk)

Dansk Sprognævn fekk hovudkvarter i Bogense på Nordfyn i 2019.[3] Nemnda er medarrangør av den årlege språkfestivalen Sprogense, som fyrst blei halden i Bogense i 2021 med støtte frå Nordfyns Kommune.[4]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre