Dantaxi 4x48
Dantaxi 4x48 er det største taxiselskapet i Danmark.
Selskapet har bilar i København, Greve, Guldborgsund, Nordsjælland, Køge, Lejre, Roskilde, Slagelse, Solrød, Stævns, Vordingborg, Favrskov, Odder, Randers, Silkeborg, Skanderborg, Skive, Viborg, Aarhus, Hjørring, Thisted, Aalborg, Skagen, Billund, Sønderborg, Vejen, Aabenraa og på Bornholm. I alt består flåten av ca. 1500 bilar.
Dantaxi blei danna i juni 2008 ved ein fusjon av Codan Taxi og Taxamotor. Dantaxi var opphavleg namnet på eit taxiselskap i Aarhus som i 2002 blei fusjonert inn i det dåverande Taxamotor.
Selskapet deltar i eit nordisk samarbeid med svenske Taxikurir og norske Norgestaxi.