Bornholm er ei av dei austlege øyane i Danmark, og vert òg kalla klippeøya på grunn av dei mange klippene her. Heile øya høyrer til Bornholms regionskommune.

Bornholm
øy
Hamna Tejn på Bornholm
Land  Danmark
Kommune Bornholms regionskommune
Stad Austersjøen
Areal 588,36 km²
Folketal 39 632 (1. januar 2018)
Kart
Bornholm
55°07′30″N 14°55′00″E / 55.125°N 14.916666666667°E / 55.125; 14.916666666667
Wikimedia Commons: Bornholm

Øya har form som ein rombe eller firkant – der kvar side er om lag 40 km lang, noko som gjer øya til et egna utfluktsmål med sykkel. Dei tidlegare jernbanelinjene på øya er i dag gjort om til sykkelstiar og snor seg fint gjennom terrenget med svake stigningar. Rykte skal ha det til at jernbanen passerte forbi gardane til kvart medlem av styret på øya, og at dette forklarar dei svingande linjene.

Alle større tettstader på øya ligg ved kysten og har ei hamn, bortsett frå Aakirkeby. Den største byen på øya heiter Rønne. Andre tettstader er Hasle, Allinge, Sandvig, Gudhjem, Svaneke og Nexø.

Tidlegare var fiske ei viktig næring på Bornholm, og røykelaks og røykt sild frå Austersjøen var neste verdskjend. Forureining i vatnet har derimot ført til mindre fisk, sjølv om turistar framleis kan smake ferske røykevarer frå havet i Gudhjem, Svaneke, Aarsdale og Nexø.

Turisme utgjer ein viktig del av inntektene i moderne tid, og av turistattraksjonar finn ein:

Forfatteran Martin Andersen Nexø og målaren Oluf Høst er fødd på Bornholm.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bornholm