Dante Alighieri
Dante Alighieri (1265–1321) var ein italiensk forfattar frå mellomalderen. Han er kjend berre som Dante, og for å ha skrive Den guddomlege komedien (La Divina Commedia). Verket er rekna som eit høgdepunkt innan verdslitteraturen og litteratur i mellomalderen. Eit grunnlag for eit moderne italiensk språk vart lagd i og med verket.
Dante Alighieri | |
Statsborgarskap | Den florentinske republikk |
Fødd | ca. 1265 Firenze |
Død |
14. september 1321 (55 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, prosaforfatter, politikar, filosof, politisk teoretiker, intellektuell, lingvist |
Språk | italiensk, latin |
Medlem av | Doctors and Apothecaries Guild, White Guelphs |
Religion | katolisisme |
Far | Alighiero av Bellincione |
Mor | Bella degli Abati |
Ektefelle | Gemma Donati |
Dante Alighieri på Commons |
Dante Alighieri vart fødd i Firenze. Firenze var byen han skulle sjå som «heime» resten av livet, og byen spela ei stor rolle i forfattarskapet. Han studerte grammatikk, retorikk, skolastisk logikk og teologi. Han lærde seg å skriva bra, og han studerte og las flittig det som var av anerkjend litteratur på den tida. I 1283 debuterte han som diktar med ei sonette, som han sende rundt til dei kjende diktarane i Firenze. Då var han 18 år gamal. Sonetten skulle seinare verta det første diktet i diktsamlinga Vita Nuova, som tyder nytt liv. Dette verket var det første av Dante sine større verk. Dei første tekstane hans var i stor grad kjærleiksdikt, mellom anna skreiv han eit hyllingsdikt til «dei 60 venaste kvinnene i Paris». Denne perioden av Dante si dikting vara fram til han vart meir oppteken av politikk enn dikting.