Danziger Werft

tysk verft i Danzig

Danziger Werft und Eisenbahnwerkstätten (polsk Stocznia Gdańska) var eit skipsverft i Danzig (i dag Gdańsk i Polen) i det som då var Fristaden Danzig. Verftet vart skipa i 1919 på staden der tidlegare Kaiserliche Werft Danzig hadde blitt nedstengd etter første verdskrigen.

Danziger Werft und Eisenbahnwerkstätten
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Skipa1919
BransjeSkipsbygging
ProduktHandelsskip
Krigsskip
U-båtar
HovudkontorFristaden Danzig Sjå dette på Wikidata
LagnadTeken over av nazistyret under andre verdskrigen
Nedlagd1940
EtterfølgjarGdańsk verft

Verftet hadde fire dokkar opp til 180 meter lange. Det var òg fire flytebrygger med løftekapasitet frå 1400 til 16 000 tonn. Frå 1932 dreiv Fristaden Danzig skipsverftet som The International Shipbuilding & Engineering Co. Ltd. Dagleg leiar for verftet var sidan 1919 Ludwig Noé. Etter 1945 vart verftet slått saman med Gdańsk verft.

Mange av dei tyske ubåtane nytta under andre verdskrigen vart bygde her.

KjelderEndra