Denne artikkelen handlar om videospelet. For filmen utgjeven i 2011, sjå filmen Dark Souls. For dataspelet utgive i 2007, sjå Bleach: Dark Souls.

Dark Souls (ダークソウル Dāku Souru) er eit open world action RPG-dataspel utvikla og utgiven til PlayStation 3 og Xbox 360 av From Software i Japan og av Namco Bandai Games internasjonalt. Som ein åndeleg oppfylgjar til From Software sitt spel Demon Souls, byrja utviklinga av Dark Souls under arbeidstittelen Project Dark. Det blei given ut i 2011; i Japan den 22. september, i Nord-Amerika den 4. oktober, i Australia den 6. oktober og i Europa den 7. oktober. PC-versjonen av spelet kom ut den 24. august 2012, som kom med ekstra innhald og blei kalla Prepare to Die-utgåva. Den 23. oktober 2012 blei dette innhaldet frå PC-versjonen også lansert som nedlastbart for konsoll-brukarar under tittelen Artorias of the Abyss.

Dark Souls
Utviklar(ar)From Software
Utgjevar(ar)From Software, Namco Bandai Games
DistributørSteam, Microsoft Store
Kreativt ansvarleg(e)Hidetaka Miyazaki
Komponist(ar)Motoi Sakuraba
SerieSouls-serien
Plattform(er)Microsoft Windows, OS X, Xbox 360, Playstation 3
Utgjeving2011
SjangerFantasy action rollespel
SpelemodusEnkeltspelar
AldersgrensePEGI 16
Nettstadhttps://www.bandainamcoent.com/games/ds-remastered
Del av serien Dark Souls⠀
Dark Souls II→

Spelet tek stad i kongeriket Lordran, der spelaren sin karakter er eit menneske som har blitt forbanna og vald til å gjere ei pilegrimsreise. Handlinga i Dark Souls er for det meste fortalt gjennom skildringar av gjenstandar i spelet og samtale med NPC-ar, så spelaren må settje saman historia sjølv gjennom å utforske verda. Vanskelegheitsgrada i spelet kan ikkje justerast, og å døy i spelet har strenge straffer som forsterkar kravet om at spelaren må gå forsiktig fram. Spelet har òg online-funksjonar, der spelarane kan innkalle kvarandre for å få hjelp i å nedkjempa fiendar, eller invadere ein anna spelar sin verden, der å drepe spelaren er målet.

Dark Souls blei godt mottatt av kritikarane, og er kjend for vanskelegheitsgrada, som har vakt mykje interesse og diskusjon. I april 2013 kunngjorde From Software at Dark Souls hadde selt meir enn 2,3 million eksemplar. PC-versjona var den 2. mest spelte Games for Windows live-tittelen i 2012 basert på unike brukarar. Dark Souls II blei annonsert i desember 2012 og kom ut i mars i 2014, medan Dark Souls III kom ut i 2016.

Handling endre

Dark Souls har ei minimalistisk handling der det er opp til spelaren sjølv å setje bitane saman gjennom dialog med NPC-ar i spelet, omgivnadane og skildringar av gjenstandar som spelaren finn. Mange viktige hendingar er opne for eiga tolking og ikkje fullt forklart i spelet.

Spelet startar med ein opningsscene som fortel om at verda ein gong var styrt av drakar, som fyrsten Gwyn overvinn ved at han finn ein «Lord Soul». Då starta flamme-alderen («the Age of Fire»). Dersom den fyrste flammen («the First Flame») som Gwyn kom over byrjar å slukne, kjem «the undead curse», som gjer at menneska står opp igjen etter døden. Dei blir valdelege, sinnssjuke og «hole» («Hollow»). Derfor ofrar Gwyn seg sjølv og sjelen hans for å forlenga flammetidsalderen. Karakteren som spelaren styrar er ein av dei udødelege som har «the undead curse», og er stengt inne i eit asyl for desse. Etter å ha fått hjelp til å rømme, får spelaren beskjed om at den er utvald til å gå pilegrimsreisa gjennom kongeriket Lordran og ringa i dei to «the Bells of Awakening» («Oppvakningsbjellene»).

Etter å ha reist gjennom fleire områder ringar spelaren i den eine bjella på toppen av kyrkja i «Undead Parish» («Den udødlege kyrkjelyd») og den andre nede i sumpen i «Blighttown» («Sjukdomsbyen»). Bjellene vekkjar opp «Kingseeker Frampt», som er ein eldgammal slange. Den veileder spelaren vidare og seier at den må reisa vidare til byen Anor Londo gjennom porten dei to bjellene opna til Sen sin festning. I Anor Londo skal spelaren få tak i «the Lordvessel»(«Herre-beholderen») slik at den til slutt kan få flammen til å brenna klart igjen, og skyva vekk det vonde og forbanninga «the curse of the undead». Til slutt vil spelaren då kunne utfordra og overvinna Gwyn.

For å opna døra til Gwyn treng «the Lordvessel» dei 4 «Lordsouls», som er delar av Fyrst Gwyn si sjel, gjeve til dragen «Seath the Scaleless», dei fire kongane som herska over byen New Londo, «Gravelord Nito» («Gravherren Nito») og heksa Izalith. Dei har alle ei tilknyting til Gwyn. Etter å ha slåst mot dei fire kongane kan spelaren også møte på ein annan slange, «Kingseeker Kaathe». Han har andre ynskjer og planar enn «Kingseeker Frampt», og vil at spelaren ikkje skal tenne flammen på nytt igjen, men la den døy ut og la «the Age of Dark» («den mørke tidsalderen») starta i staden for.

Etter at alle sjelane er henta og tatt med tilbake til «Lordvessel», kan spelaren gå inn i det siste områder i spelet, «Kiln of the First Flame» og slåst mot Gwyn. Etter det får altså spelaren valet mellom å ofra seg sjølv og forlenga flammetidsalderen eller la den mørke tidsalderen byrja og bli den vonde herren over verda.

Arv endre

 
Cosplay av karakterar frå spelet.

Dark Souls blir sett på som ein av dei viktigaste spela utgjeve i den sjuande generasjonen til dataspel-konsollar. Nokon av spela som har hatt spelet som inspirasjonskjelde er Destiny, Alienation, Lords of the Fallen, Salt and Sanctuary, Shovel Knight, Titan Souls, Enter the Gungeon og The Witcher 3: Wild Hunt.

Oppfylgjarar endre

Oppfylgjaren Dark Souls II blei kunngjort på Spike Video Game Awards den 7.desember 2012 for Microsoft Windows, PlayStation 3 og Xbox 360. Det kom ut den 11. mars 2014 til PlayStation 3 og Xbox 360, og til PC den 25. april 2014. Den tredje tittelen i serien, Dark Souls III, blei annonsert på Electronic Entertainment Expo (E3) 2015 og utgjeve den 24. mars 2016.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre