Darlin' av The Beach Boys

Darlin'
Singel av The Beach Boys
frå albumet Wild Honey
Utgjeve 11. desember 1967
Sjanger Soul, rock
Lengd 2:12
Selskap Capitol Records
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi 
«Wild Honey»
(1967)
Darlin' «Friends»
(1968)


«Darlin'» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart gjeven ut i 1967 på albumet deira Wild Honey. Han vart òg gjeven ut som singel med «Here Today» som B-side. Singelen nådde 19. plass i USA og 11. plass i Storbritannia. Soven . The single peaked at #19 in the United States og #11 in the United Kingdom. The song vart produsert av bandet og Carl Wilson hadde solovokal.

Historie endre

«Darlin'» var ei omskriving av ein song Brian Wilson og Mike Love hadde frå før, «Thinkin' 'Bout You Baby», som vart spelt inn og gjeve ut på singel i april 1964 av Sharon Marie.

Akkompagnementet og vokalsporet vart spelt inn 27. oktober 1967. Ei instrumentalutgåve av songen finst på albumet Stack-O-Tracks frå 1968.

Andre utgåver endre

David Cassidy spelte inn «Darlin» i 1975 på albumet The Higher They Climb. Albumet var produsert av Beach Boys-medlem Bruce Johnston.

Triumvirat spelte inn «Darlin'» på A la Carte i 1978.

Kjelder endre