Opna hovudmenyen

Carl Wilson

amerikansk musikar

Carl Dean Wilson (21. desember 19466. februar 1998) var ein amerikansk songar og gitarist, mest kjend som ein av medlemmane i The Beach Boys- Her var han sologitarist og stundom solovokalist. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988 i lag med resten av bandet.

Carl Wilson
Carl Wilson in 1966.png
Fødd21. desember 1946
Hawthorne i California
FødestadHawthorne
Død6. februar 1998 (53 år)
Los Angeles i California
DødsstadLos Angeles
FødenamnCarl Dean Wilson
OpphavUSA
Aktiv1960–1998
SjangerPoprock
InstrumentGitar, tangentinstrument, bass
Kjende instrumentGibson ES-355
Tilknytte artistarThe Beach Boys
PlateselskapCapitol Records
Verka somMusikar, låtskrivar
MorAudree Wilson
FarMurry Wilson

Med i The Beach Boys var òg brørne Dennis og Brian. Carl var berre 14 år i 1961 då dei danna The Beach Boys. Eit av dei første namna på bandet var Carl & the Passions. Carl song solo på fleire av dei mest kjende songane til bandet, som til dømes «God Only Knows», «Good Vibrations», «Wild Honey», «Darlin'», «I Can Hear Music» og «Kokomo». Då broren Brian slutta å turnere med bandet i byrjinga av 1965 tok Carl over som leiaren i bandet under turneane. Frå og med 1967 hadde han òg ansvaret for studioalbuma til bandet.

Han var misnøgd med den musikalske retninga til bandet og forlet The Beach Boys i 1980 for å starte ein solokarriere. Resultatet vart to album, men dei gjorde det ikkje betre enn 185. og 166. plass på Billboard-lista. I april 1982 vende Carl tilbake til The Beach Boys.

Året før han døydde arbeidde Carl med eit musikalsk prosjekt i lag med Gerry Beckley (frå gruppa America) og Robert Lamm (frå gruppa Chicago). Samarbeidet resulterte i 2000 i albumet Beckley-Lamm-Wilson.

På soloalbumet til Brian Wilson, Getting in over my head frå 2004 syng Carl ein duett i lag med Brian på tittelsporet.

Carl døydde av lungekreft i 1998 etter lang tids sjukdom.

DiskografiEndra

  • Carl Wilson (1981)
  • Youngblood (1982)
  • Beckley-Lamm-Wilson (1997)

KjelderEndra