Dartmoor

Dartmoor er eit høglandsområde i Devon i England. Dartmoor og området rundt er verna som nasjonalpark med eit areal på 954 km².[1]

Dartmoor
region
View to Sharpitor from Meavy.JPG
Land Flag of England.svg England

Dartmoor
50°34′0″ N 4°0′0″ W
Wikimedia Commons: Dartmoor
High Willhays er det høgaste punktet

Området består av myrlandskap med fleire hundre granittoppar, kjent som tors. Det høgaste punktet er High Willhays, 621 moh. Det er svært mange fornminne i området.

Delar av Dartmoor har vorte brukt som militær skytebane i meir enn 200 år. Resten er ope for fri ferdsel, og området tiltrekker mange turistar.

Nasjonalparken blir styrt av eit National Park Authority med 22 medlemmar.

Dartmoor var med i fjernsynsserien Seven Natural Wonders som det fremste av dei sju i det sørvestlege England.

ElvarEndra

Dartmoor er nedslagsfelt for mange elvar i Devon. Dart-elva, som har gjeve namn til området, byrjar med dei to elvane East Dart og West Dart, som renn saman ved Dartmeet. Andre elvar som renn ut frå Dartmoor er Teign, Taw, Tavy, Avon og Lyd.

Nokre av elvane i Dartmoor er blitt demma opp for å laga drikkevassreservoar, som Avon[2] og South Teign (Fernworthy Reservoir).[3]

KjelderEndra

  1. «General Information Factsheet». Dartmoor National Park Authority. Arkivert frå originalen 8 September 2008. Henta 12. juli 2009. 
  2. «Avon Dam, Devon». South West Lakes Trust. Henta 22. april 2022. 
  3. Gearing, David. «Source Area». The Teign Catchment. Henta 24. april 2022. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Dartmoor