Daryl Runswick (fødd 12. oktober 1946) er ein engelsk komponist, arrangør, musikar, produsent og lærar.

Daryl Runswick
Fødd12. oktober 1946 (73 år)
FødestadLeicester
OpphavStorbritannia
Instrumentkontrabass
Verka somjazzmusikar, komponist, universitetslærar, filmmusikkomponist

Han byrja å spele bass med leiande, britisk jazzmusikarar i midten av 1960-åra, som Dick Morrissey og John Dankworth. I 1969 var han medlem av Lionel Grigson-Pete Burden Quintet, og i 1972 spelte han i lag med Ian Hamer Septet. Som studiomusikarrar spelte han òg rock og pop, mellom andre med The Alan Parsons Project og Elton John.

Han har òg arbeidd med London Sinfonietta, Nash Ensemble og The King's Singers, Pierre Boulez, Ornette Coleman, Simon Rattle og Sarah Vaughan.

Som komponist har han skrive musikk til film og fjernsyn, inkludert filmane Gullsandur (Golden Sands) (1985) og No Surrender (1985), og TV-seriane Brond (1987) med Bill Nelson, The Advocates (1991–92) og Seekers (1993).

Som plateprodussent har Runswick produsert innspelingar av Keith Tippett.

Runswick har forfatta læreboka Rock, Jazz and Pop Arranging.

DiskografiEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra