David Batteau
amerikansk låtskrivar
David Batteau (fødd 25. juni 1949) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar.
David Batteau | |||
Fødd | 25. juni 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Boston i Massachusetts | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1971 | ||
Sjanger | Alternativ rock, pop | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Michael Sembello, Donna Summer, Bonnie Raitt | ||
Plateselskap | A&M Records (1973–1977) | ||
Verka som | Singer, låtskrivar |
Batteau har skrive songar for forskjellige artistar, som Seals and Crofts, Trisha Yearwood, Michael Sembello og Shawn Colvin.[1] Han var òg medlåtskrivar på songar i lag med Madeleine Peyroux og Larry Klein for Peyroux-albumet Bare Bones i 2009.[2]
Batteau har gjeve ut soloalbumet Happy in Hollywood (1976) på A&M Records. Batteau hadde tidlegare arbeidd med broren Robin som Batteaux, som gav ut eitt album i 1971.
I midten av 1980-åra skipa Batteau bandet Nomo, som gav ut eitt album, The Great Unknown, i 1985.[3]
Diskografi
endreAlbum
endre- 1976: Happy in Hollywood
- 1993: Soul Mission
Singlar
endre- 1976: «Walk in Love»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «David Batteau» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «David Batteau biography». Folkalley.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 4. oktober 2020.
- ↑ «Madeleine Peyroux: Bare Bones album review». Allaboutjazz.com. Henta 4. oktober 2020.
- ↑ «Billboard.com – Diskografi – David Batteau – Happy in Hollywood». Billboard.com. Henta 4. oktober 2020.