David Ervin (fødd 16. mars 1961 i Englewood i New Jersey i USA) er ein jazzfunk-klaverspelar frå USA.

David Ervin
Fødd16. mars 1961 (63 år)
OpphavUSA
Instrumentpiano
Verka somjazzmusikar, pianist

Biografi endre

Ervin voks opp i Altadena i California, der han tok etter den musikalske faren sin, DiFosco Ervin, òg kjend som Big Dee Irwin. DiFosco Ervin var ein songar, låtskrivar og plateartist som leia Doo-Wop-gruppa The Pastels. 14 år gammal kombinerte David Ervin element av rock, funk og soul og nytta analoge synthesizerar. Kort tid etter byrja han å spele digitale klaverinstrument og synthesizerar. Kring 20 år gammal var Ervin blitt ein ettersøkt studiomusikar i Los Angeles. Ervin lagde mange rytmespor for andre artistar og nytta seg av dei fremste teknologiske framspringa innan digitale synthesizerar i 1980- og 1990-åra. Han har spelt på album av Tina Turner, Natalie Cole, Phyllis Hyman, Gladys Knight and the Pips, the Jacksons, The Crusaders og Joe Sample.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre