David George Herd (15. april 19341. oktober 2016) var ein skotsk fotballspelar, mest kjend frå si tid som midtspiss på Manchester United på 1960-talet.

David Herd


Storvaksne Herd skårar mot Willem II i ein kamp i cupvinnarcupen hausten 1963.

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. april 1934
Hamilton i Skottland
Død

1. oktober 2016 (82 år)

Idrett fotball

Herd slo seg inn i fyrsteellevaren til Arsenal FC i 1956/57-sesongen og var fast på laget dei neste fire åra. Sommaren 1961 vart han overført til Manchester United og var ein viktig angrepsspelar som var med å vinne FA-cupen i 1963. I finalen mot Leicester City FC skåra Herd to av måla då Manchester United vann 3–1. Han vart ligameister i 1965 og på ny i 1967. Etter eit beinbrot i mars 1967 fekk han lite speletid. I juli 1968 gjekk han til Stoke City, der han spelte i to år.

Herd spelte fem landskampar for Skottland i tida 1958-61 og skåra tre mål.

Kjelder endre