David Platt

britisk fotballspelar

David Andrew Platt (fødd 10. juni 1966) er ein tidlegare engelsk fotballspelar frå Chadderton. Han spelte 62 landskampar for England og skåra 27 mål. Han spelte for klubbar som Crewe Alexandra, Aston Villa, Bari, Juventus, Sampdoria og Arsenal. Han spelte for England i VM i 1990, EM i 1992 og i EM i 1996. På klubbnivå blei han seriemeister med Arsenal i 1998 og han vann også FA-cupen same året. Han vann også UEFA-cupen i 1993 med Juventus og den italienske cupen med Sampdoria i 1995.

David Platt
Personleg informasjon
Fullt namn David Andrew Platt
Fødd 10. juni 1966 (58 år)
Fødestad Chadderton i England
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Ungdomsklubbar
1982-1985 Manchester United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1985-1988 Crewe 134 (5)
1988-1991 Aston Villa 121 (50)
1991-1992 Bari 29 (11)
1992-1993 jJuventus 16 (3)
1993-1995 Sampdoria 55 (17)
1995-1998 Arsenal 88 (13)
1999-2001 Nottingham Forest 5 (1)
Totalt 448 (151)
Landslag
1988 England U-21 3 (0)
1989-1996 England B 3 (0)
1989-1996 England 62 (27)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Merittar

endre
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1993 med Juventus
  • Vinnar av Coppa Italia: 1994 med Sampdoria
  • Engelsk ligameister: 1998 med Arsenal
  • Vinnar av FA-cupen: 1998 med Arsenal

Kjelder

endre