Opna hovudmenyen

Unione Calcio Sampdoria, til vanleg Sampdoria, er ein fotballklubb frå Genova i Italia. Klubben vart skipa i 1946 då dei to klubbane Sampierdarenese og Andrea Doria var slått saman. Både namnet på klubben og klubbfargane reflekterer bakgrunnen til klubben. Sampdoria spelar på 'Stadio Luigi Ferraris', eit stadion klubben deler med 'Genoa Cricket and Football Club', den andre profesjonelle fotballklubben i Genova. Lokalderbyet mellom dei to laga vert kalla Derby della Lanterna.

Sampdoria
Fullt namnUnione Calcio Sampdoria
KallenamnIl Blucerchiati
Grunnlagd12. august 1946
HeimebaneStadio Luigi Ferraris
(kapasitet: 38,536)
StyreleiarMassimo Ferrero
HovudtrenarClaudio Ranieri
LigaSerie A
2018/19 9. plass i Serie A
 
NettstadHeimeside
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Største triumfen til Sampdoria er sigeren i Cupvinnarcupen i 1990. To år seinare nådde klubben finalen i Europacupen, der FC Barcelona sigra 1–0 etter eit mål i ekstraomgangane. Sampdoria vann deh heimlege serien, Serie A, i 1991. Klubben har fire gongar vunne Coppa Italia; 1985, 1988, 1989 og 1994.

KjelderEndra