David Suazo
Óscar David Suazo Velásquez (fødd 5. november 1979 i San Pedro Sula i Cortés-departementet) er ein honduransk fotballspelar som i 2010 spela som spiss for Catania i italiensk Serie A, og for det honduranske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Óscar David Suazo Velásquez | ||
Fødd | 5. november 1979 | ||
Fødestad | San Pedro Sula i Honduras | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Calcio Catania | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Marathón | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1996-99 1999-2007 2007-11 2008-09 2010 2011- |
Olimpia Cagliari Inter Benfica (lån) Genoa (lån) Catania |
10 (5) 255 (94) 28 (8) 12 (4) 16 (3) 0 (0) | |
Landslag | |||
1999- | Honduras | 54 (16) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. september 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 26. august 2011 |
Suazo drog til Europa og Cagliari i 1999. Han var med på å vinna Serie B med Cagliari i 2004. I 2006 delte han tittelen som beste utanlandske spelar i Serie A med Kaká. I 2007 gjekk han vidare til toppklubben Inter. Han var med å vinna Serie A med Inter i 2008, men spelte ikkje fast på laget. Etter dette har han vore lånt ut til Benfica og Genoa. Han spelte for Honduras i sommar-OL i 2000.
David Suazo er søskenbarnet til fotballspelaren Maynor Suazo, som har spelt i Noreg for Brann. Eit anna søskenbarn, Hendry Thomas, er også honduransk landslagsspelar.