De Havilland DHA-3 Drover

De Havilland DHA-3 Drover var eit australsk bygd, lågvinga, tre-motors passasjerfly, konstruert og bygd av de Havilland Australia seint på 1940-talet. Flyet hadde likskapstrekk med den to-motors, britisk-bygde De Havilland DH 104 Dove.

De Havilland DHA-3 Drover

Det vart berre bygd 20 eksemplar av denne flytypen som flaug for fyrste gong i 1948. Flyet vart nytta som passasjar- og fraktfly av dei australske selskapa Qantas og TAA. Modellen er likevel mest kjend som ambulanseflyet som Royal Flying Doctor Service of Australia brukte til eit godt stykke ut på 1960-talet.

Drover vart bygd for å erstatta de Havilland Dragon Rapide som då var i utstrekt bruk i Australia, mellom anna hos Royal Flying Doctor Service.

Spesifikasjonar endre

 
Drover VH-DHM tilhøyrande Historical Aircraft Restoration Society.

Dimensjonar endre

  • Lengd: 11 m
  • Vengespenn: 17,38 m
  • Høgd: 3 m
  • Tomvekt: 1 859 kg
  • Lastekapasitet: 681 kg
  • Max. take-off vekt: 2 950 kg
  • Max drivstoff: 408 liter
  • Besetning: 1 pilot
  • Passasjerar: 6–8

Ytingar endre

  • Toppfart: 225 km/t
  • Marsjfart: 201 km/t
  • Rekkjevidd: 805 km
  • Stigningsevne: 244 m/min
  • Startlengd: 475 meter
  • Landingslengd: 460 m.
  • Motorar: 3× De Havilland Gipsy Major Mk-10 4-sylindret luftkjølt rekkjemotorar: 145 hk

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre