Liter er ei mykje brukt volumeining. Symbolet for liter er l eller L.

Liter

Liter er ikkje ei SI-eining, men er i bruk som tilleggseining. Volumet er det same som ein kubikkdesimeter (dm3).

Historikk endre

Eininga blei til i 1793 under den franske revolusjonen, som eit av dei nye republikanske og fornuftige måla innførte av det nye styret. Namnet kom frå ei eldre fransk eining, litron, som kom frå latin og opphavleg stamma frå gresk.

Bruk endre

Litermålet er passande for handel med drikkevarer, som mjølk og brus. I mange land sel ein derfor slike varer i einingar på til dømes ein heil, ein halv eller to liter.