Partiet Konservativt

norsk politisk parti
(Omdirigert frå De Kristne)
«Dei Kristne» omdirigerer hit. For folk som vedkjenner seg kristendommen, sjå kristne.

Konservativt, tidlegare Partiet Dei Kristne, er eit høgrepopulistisk norsk politisk mikroparti[3][4] som vart stifta i 2011 på Bømlo i Hordaland. Konservativt byggjer på eit kristenkonservativt verdigrunnlag.

Partiet Konservativt

LandNoreg
Partileiar(ar)Erik Selle
Grunnlagt24. februar 2011
HovudkvarterOslo
Donasjonar643 400 norsk krone (2021)[1]
Medlemstal2 476 (2023)[2]
Ideologikristne høgre, marknadsliberalisme, euroskeptisisme, høgrepopulisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida
Slagord«Frihet og trygghet for alle»
Den tidlegare logoen til partiet.

Namn endre

Opphavleg heitte partiet Dei Kristne. I 2015 endra det namn til Partiet Dei Kristne.[5] I 2022 endra det namnet att til Konservativt.[6]

Historie endre

Partiet vart stifta som ein reaksjon på at Kristeleg Folkeparti, ifølgje initiativtakarane, hadde gradvis fjerna seg frå dei tradisjonelle kristne verdiane. Den utløysande faktoren var at sentrale krefter i KrF ønskte å fjerne «bekjennelsesparagrafen» for tillitsvalde.

Partiet ville løfte fram det livslange, monogame ekteskapet mellom éin mann og éi kvinne som norm og ideal.[7] Partiet gav heilhjarta støtte til staten Israel. Retten til liv frå fræving til naturleg død er også ein av hjartesakene til partiet.

Partileiar frå 2013 er Erik Selle. Partiet fekk i 2015 eigen ungdomsorganisasjon, Dei Kristnes Ungdom. Leiaren er Olympia Ahenkorah frå Oslo.

Ved stortingsvalet i 2013 røysta omkring 17 700 veljarar på partiet (0,6 prosent). Størst var oppslutnaden i Vest-Agder (2,0 prosent). Ved kommunestyrevalet i 2015 stilte partiet liste i 70 kommunar. Ved stortingsvalet i 2017 stilte partiet liste i alle fylka og fekk omkring 8700 røyster (0,3 prosent).[5]

I samband med den russiske invasjonen av Ukraina 24. februar 2022 har partiet vorte kritisert for å formidla russisk propaganda.[8][kven?] Partileiar Erik Selle har teke til orde for at Russland skal få behalda dei ulovleg annekterte ukrainske regionane Krim, Donetsk og Luhansk.[9] I eit intervju med iNyheter.no 12. januar 2024 stadfesta Selle at han meiner Vesten har ein stor del av ansvaret for at Russland angreip Ukraina.[10]

Kjelder endre

  1. https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag/.
  2. https://inyheter.no/31/03/2023/optimisme-i-konservativt-etter-medlemsvekst-vi-trenger-a-styrke-familien-styrke-nasjonen-og-kjempe-mot-skremselspropaganda-fra-klimaaktivister/.
  3. «15 av partiene fikk bare 1,8 prosent av stemmene – til sammen», Dagsavisen (på norsk), 19. september 2017, henta 8. februar 2024 
  4. «Får million-støtte fra staten», Dagsavisen (på norsk), 21. september 2017, henta 8. februar 2024 
  5. 5,0 5,1 Garvik, Olav (15. september 2021). «Partiet De Kristne». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Redaksjonen (5. november 2022), «Partiet De Kristne bytter navn til konservativt», Partiet De Kristne (på norsk bokmål), henta 6. november 2022 
  7. Bergen, Anne-Margrethe Lorentzen, 1 kandidat Partiet De Kristne (14. september 2015), «Ekteskap og familie», Dagen (på norsk bokmål), henta 6. november 2022 
  8. Selbekk, Vebjørn (9. mars 2022), «De kristne Putin-forsvarerne», Dagen (på norsk bokmål), henta 12. november 2023 
  9. Rustad, Hans (1. mars 2022), «Doc-TV LIVE: Tvisyn er mangelvare», Document (på norsk bokmål), henta 12. november 2023 
  10. Lillestøl, Stig Even (12. januar 2024), «Erstatningsteologi, Jødehat, Islam, Kirken, Israel, Ukraina, Trump», inyheter.no - Nyheter og aktuelt - Innenriks og Utenriks. (på norsk bokmål), henta 28. januar 2024 

Bakgrunnsstoff endre