Erik Selle

Erik Selle (f. 1966) er ein norsk pastor og politikar. Han vart partileiar for Dei Kristne i 2013, som seinare heitte Partiet Dei Kristne og frå 2022 Konservativt.

Erik Selle
Fødd1966 (57 år)
Statsborgar avNoreg
PartiPartiet Dei Kristne

BakgrunnEndra

Selle er cand.theol. frå Universitetet i Oslo der han tok mellomfag i sosialøkonomi og embetseksamen i teologi 1991–1996.[1] Han arbeidde som feltprest i Forsvaret i 1997 og var lærar i Bærum 1998–2004.[1] Selle er også utdanna ved Heimevernets skole- og kompetansesenter og tenestegjorde som major i Heimevernet i Bosnia i 2007.[1] Selle var fram til 2014 pastor og administrerande direktør[2] i BærumsKirken, ein pinselyd på Høvik i Bærum som Selle grunnla i 2001. Han har i tillegg vore styremedlem i Kristenfolket, ein kristenkonservativ organisasjon som vart oppretta i 2009.

Erik Selle vart første gong vald til leiar i Partiet Dei Kristne (PDK) i 2013. Ved stortingsvalget dette året stilte han som førstekandidat for partiet i Nord-Trøndelag.[3] PDK vart danna som ei bygdeliste på Bømlo i Hordaland i 2011. I kommunestyre- og fylkestingsvalget 2015 stilte partiet lister i 69 kommunar og 19 fylke. Selle var førstekandidat i Akershus fylke[4] og var også med på partilista for valget i Bærum kommune.[5] Ved stortingsvalget i 2017 var Selle nominert på førsteplass i både Aust-Agder[6] og Akershus[7] og på andreplass i Oslo.[8]

Selle har tidlegare hatt ein periode i kommunestyret i Bærum for Høgre og har også vore medlem av Framstegspartiet.[9]

Selle er profilert «ven av Israel» og jobba tidlegare som rådgjevar ved Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem,[9] ein politisk-religiøs organisasjon oppretta i 1980. Han er elles særleg opptatt av kristne i Afrika, mellom anna som nestformann i The Africa-Israel Initiative.[10] Ved stortingsvalet i 2017 var Selle nominert på førsteplass i både Aust-Agder og Akershus, og på andreplass i Oslo.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Presentasjon på Linked.in[daud lenkje]
  2. purehelp.no om Erik Selle
  3. «Valglister ved stortingsvalget 2013 i Nord-Trøndelag». Arkivert frå originalen 2016-06-19. Henta 29. august 2015.  Både |archive-date= og |arkivdato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkiv-url= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  4. «Valglister til fylkestinga 2015». Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 29. august 2015.  Både |archive-date= og |arkivdato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkiv-url= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  5. PDK i kommunevalget i Bærum 2015
  6. Stortingsvalget 2017. Valglister med kandidater. Stortingsvalget 2017 i Aust-Agder Arkivert 2017-08-31 ved Wayback Machine., Aust-Agder fylkeskommune.
  7. Stortingsvalget 2017. Valglister med kandidater Godkjent av fylkesvalgstyret i Akershus 15.05.2017 Arkivert 2017-08-31 ved Wayback Machine., Fylkesvalgstyret i Akershus.
  8. Stortingsvalget 2017. Valglister med kandidater. Stortingsvalget 2017 i Oslo, Oslo kommune.
  9. 9,0 9,1 Dagen 2012: De Kristne klare med interimstyre
  10. The Africa-Israel Initiative