De lege ferenda
De lege ferenda er latin og tydar i ein juridisk kontekst om lag «kva retten burde vere». Omgrepet vert nytta til å avgrense rett frå gjeldande rett eller de lege lata til eit meir teoretisk rettstilhøve knytt til ei reform eller eit framlegg til ny lov.