De musikalske dvergene

De Musikalske Dvergene er ei rockegruppe frå Bergen som vart starta i 1980 av Bo Grønningsæter og Helge Grønhaug.

De Musikalske Dvergene har opp gjennom åra hatt ei fast kjerne, men musikarane har variert noko. Frå starten var Bo Grønningsæther (slagverk), Allert Bøkenes (gitar), Erling Hjertnes (bass), Helge Grønhaug (vokal og gitar), Arne Grønhaug (gitar) gruppa. Perkusjonisten Bo Grønningsæter vart erstatta av Per Helge Hansen.

Det var denne besetninga, forsterka av Karsten Olsen (slagverk) som spelte inn gruppas første LP En klase bananer & en enkel seng. Plata vart spelt inn i Sigma Lydstudio i 1988. Karsten Olsen overtok på slagverk for Per Helge Hansen og denne besetninga vart uforandra inntil Allert Bøkenes slutta etter utgjevinga av bok/singel Ned Abels Allé i 1991. Etter enkelte førebelse løysningar blir han erstatta av pianist Yngve «Fluebinder» Jacobsen. Denne besetninga var uendra fram til 2008. Da overtok Thor Inge Stokke for Karsten Olsen på slagverk.

BandmedlemmerEndra

Besetninga i 2008:

  • Helge Grønhaug (gitar)
  • Arne Grønhaug (gitar)
  • Erling Hjertnes (bass)
  • Thor Inge Stokke (slagverk)
  • Yngve Jacobsen (tangentar)

DiskografiEndra

  • «Marianne (Tempo Corvette)» - 7" Singel - 1985
  • En klase bananer & en enkel seng - LP - MC - CD - 1989
  • Dvergenes andre - LP, MC, CD - 1990
  • Ned Abels Alle - 7" Singel/Bok - 1991
  • Arbeid for trygd - CD - 1993
  • Veldig respektable menn - (i samarbeid med Frode Alnæs) - CD - 2004
  • «25 år med slark i strengene» CDSingel - 2005
  • Om poteter får du snakke med min far - CD (Samleplate) - 2006
  • Om De Musikalske Dvergene (.. uten store ord..) - CD - 2008

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: De musikalske dvergene