Dei vises stein
(Omdirigert frå De vises sten)
Dei vises stein er ein gjenstand som i fylgje legendene kan gjera vanleg bly om til reint gull, gi evig liv og helbedre sjukdom. Alkymistar har gjennom tidene prøvd å laga, eller å finna steinen. Men enkelte alkymistar trudde ikkje at «Dei vises stein» i røynda var ein stein, men eit symbol på Jesus Kristus. Den kjende alkymisten Nicholas Flamel (1330–1410), var mellom dei som viste interesse for steinen.
Dei vises stein i populærkulturen
endre«Dei vises stein» har gjennom åra blitt nemnt i litteratur, film og teikneseriar.
- I ei Onkel Skrue-historie av Carl Barks, leitar endene etter «Dei vises stein».
- I boka «Harry Potter og De vises stein» blir både Nicholas Flamel og steinen nemnd, men der har legenda fått ein ny vri.