Gull

grunnstoff med kjemisk symbol Au og atomnummer 79

Gull er eit grunnstoff med atomnummer 79 og kjemisk symbol Au. Det er eit transisjonsmetall og ligg i d-blokka i det periodiske systemet. Saman med kopar og sølv høyrer det til gruppe 11.

Platina Gull Kvikksølv

Basisdata
Namngull
SymbolAu
Atomnummer79
UtsjånadGult
Plass i periodesystemet
Gruppe11
Periode6
Blokkd
Kjemisk serieTransisjonsmetall
Atomeigenskapar
Atomvekt196,9665 u
Kalkulert atomradius179 () pm
Elektronkonfigurasjon[Xe]4f145d106s1
KrystallstrukturKubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt1064.18 °C, 1337.33 K
Kokepunkt2856 °C, 3129 K
Fordampningsvarme324,43 kJ/mol
Smeltevarme12,36 kJ/mol
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
2,54
Termisk konduktivitet317 W/(m·K)

Særskilde kjenneteikn

endre

Til skilnad frå dei fleste andre metalla er det gult av farge.

Reint gull er mjukt, så legeringar vert brukte til smykke og anna.

Gull har lenge vore brukt som eit dyrebart metall med sikker verdi, og ein har basert fleire valutaer på gullstandarden.

I samfunn vert det gjerne rekna som det edlaste metallet, og har gjeve namnet til ein symbolsk gullalder som er den beste tida i ein viss kultur. Ein gullmedalje vert ofte gjeve som ei høg utmerking, som førsteprisen i idrettstevlingar.

Gull er godkjend som fargetilsetjing i mat og har E-nummer 175.

Historie

endre

Gull er mellom dei metalla som har vore kjend lengst.

Førekomst

endre

I naturen finst gull stort sett i gedigen form, ofte i legering med sølv. Ein finn òg gull til ein viss grad i gullmineral, hovudsakleg telluridar som calaveritt.

Sjøvatn inneheld kring 10 mikrogram gull per tonn (10 ppb). Gull utgjer i gjennomsnitt 0,004 ppm (eller g/tonn) av jordskorpa, og er såleis eit særs sjeldan grunnstoff. Når konsentrasjonane vert over 1-2 g/tonn vert dei rekna som økonomisk interessante.

Førekomst i Noreg

endre

Dei viktigaste førekomstar i Noreg er i kvartsgangar ved Eidsvoll, Bømlo, Svartdal i Telemark og Tosenfjorden i Bindal. Det er truleg ikkje vunne ut meir enn 500 kg gull frå slike kvartsgangar.

Det har vore drive gullvasking i liten målestokk i Tana-, Alta- og Reisavassdraga har det vore drive gullvasking i liten målestokk. Den totale produksjonen har her neppe vore over 100 kg.

I eldre tider vart det utvunne noko gull av såkalla gyldisk sølv i Kongsberg. Den første sendinga gjekk frå Kongsberg til København i 1644 og vart der nytta til preging av såkalla brilledukatar.

Ein har vunne ut nokre få kilo gull i året ved raffinering av kismalmar. Ved Bidjovagge gruve vart det frå starten i 1985 til gruva vart lagt ned i 1991 utvunne kring 6,2 tonn gull frå ein malm som i gjennomsnitt inneheldt 11,5 kg kobbar og 3,5 g gull per tonn.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gull