Dear Angie
Singel av The Iveys
frå albumet Maybe Tomorrow
B-side

«No Escaping Your Love»

Utgjeve 18. juli 1969
Innspelt 1969
Sjanger Pop[1]
Lengd 2:38
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Ron Griffiths
Produsent Tony Visconti
The Iveys-kronologi 
«Maybe Tomorrow»
(1968)
Dear Angie «Come And Get It»
(Badfinger)(1969)


«Dear Angie» er ein song skriven og sungen av bassisten Ron Griffiths frå The Iveys for albumet Maybe Tomorrow. Han vart gjeven ut som den andre singelen til bandet i somme land i Europa og vart sidan gjeven ut på Badfinger-albumet Magic Christian Music.

Historie endre

Sjølv om den første singelen til The Iveys på Apple Records, «Maybe Tomorrow», hadde selt dårleg i Storbritannia, vart han overraskande ein hit i Nederland. Apple ønskte derfor å gje ut ein ny Iveys-singel for å gje gruppa ein ny sjanse. Produsenten Tony Visconti valde ut «Dear Angie», som var meint å kome ut samstundes med albumet Maybe Tomorrow. Men før singelen og albumet kom ut tok Allan Klein over som sjef i Apple Corps. Klein stoppa begge utgjevingane til The Iveys utanom i land der «Maybe Tomorrow» hadde vore ein hit, som i Europa og Japan.

Medverkande endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre