Dechiffrering
Dechiffrering (av de- og chiffer), tyding av sifferskrift ved hjelp av ein lykel det vil seie å dekryptere; tolke noko som er uklart. Dechiffrere (frå fransk dechiffrere) tyder opphavleg å lesa eller tyda chifferskrift (det vil seia kryptert tekst), men brukast i våre dagar meir til å forklara noko som er utydelig eller dunkelt.
Historie
endreDen historisk mest interessante delen av kryptografi er kryptering, som består i å prøve å gjere ei melding uleseleg for andre enn dei som er meint å motta ho. Moderne kryptografi omfattar òg teknikkar for å kunne verifisera at ei melding ikkje har vorte endra sidan ho vart send, eller at ho har vorte sendt av ein autorisert sendar; dette brukast mellom anna i system som elektronisk signatur og digitale pengar.