Dei 24 historieverka
Dei 24 historieverka (kinesisk skrift 二十四史, pinyin Èrshísì Shǐ, Wade-Giles Erhshihszu Shih) er ei klassisk samling kinesiske historiekrøniker som strekkjer seg så langt attende som skildringar av 3000-talet f.Kr. og fram til Mingdynastiet på 1600-talet. Dei omfattar samanlagt over 3 000 skriftrullar og er blitt laga på oppdrag av ulike herskarar gjennom hundreåra.
Utvikling
endreOmgrepet, og grupperinga i 24 verk, stammar frå året 1775, det 40. regjeringsåret til Qianlong-keisaren. Det var på den tida at det siste verkte, som tok for seg Mingdynastiet, blei gjennomarbeidd. Dette året kom det òg ut ei samleutgåve med alle 24 verka.
Dei 24 verka tek tilsynelatande for seg kvart sitt dynasti (eventuelt kvar sin delperiode), men dei er ofte overlappande. Her finst opplysingar om veksten og falla til dynastia og om politikk, økonomi, militærvesen og kultur i dei. På systematisk vis skildrar dei dynastiovergangane, viktige personlegdomar, vitskap, teknikk, kunst, litteratur, inndelinga av landet i administrative einingar, lovgjeving og utanrikspolitikk.
Systematikken til verka
endreSom regel består historieverka av tre delar:[1]
- Annalen (tradisjonell kinesisk 紀, pinyin jì tradisjonell kinesisk 紀, pinyin jì: ; : (kronologi)
- Traktatar (tradisjonell kinesisk 誌, pinyin zhì tradisjonell kinesisk 誌, pinyin zhì: ; : ) (t.d. embetsordning, riksgeografi)
- Biografiar (tradisjonell kinesisk 列傳, pinyin lièzhuàn tradisjonell kinesisk 列傳, pinyin lièzhuàn: ; : ) (som den mest omfangsrike og viktigaste delen)
Dei 24 verka
endreVerk | Forfattarar | Ferdigstilt år | Kategorisering |
---|---|---|---|
Shiji | Sima Qian | 91 f.Kr. | Dei fire tidlege historieverka (前四史) |
Hanshu | Ban Gu | 82 | |
Sanguo Zhi | Chen Shou | 289 | |
Hou Hanshu | Fan Ye | 445 | |
Songshu | Shen Yue | 488 | |
Qishu | Xiao Zixian | 537 | |
Weishu | Wei Shou | 554 | |
Liangshu | Yao Silian | 636 | Dei åtte Tang-verka (唐初八史) |
Chenshu | Yao Silian | 636 | |
Bei Qi-shu | Li Baiyao | 636 | |
Zhoushu | Linghu Defen | 636 | |
Suishu | Wei Zheng | 636 | |
Jinshu | Fang Xuanling | 648 | |
Nanshi | Li Yanshou | 659 | |
Beishi | Li Yanshou | 659 | |
Tangshu | Liu Xu | 945 | |
Jiu Wudaishi | Xue Juzheng | 974 | |
Xin Jiu Wudaishi | Ouyang Xiu | 1053 | |
Xin Tangshu | Ouyang Xiu | 1060 | |
Liaoshi | Toktoghan | 1345 | Dei tre yuan-verka (元末三史) |
Jinshi | Toktoghan | 1345 | |
Songshi | Toktoghan | 1345 | |
Yuanshi | Song Lian | 1370 | |
Mingshi | Zhang Tingyu | 1739 |
Kjelder
endre- ↑ «Hamburger China-Notizen NF 24 vom 5. Februar 2007 (PDF; 345 kB), 1 Seite» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. januar 2014. Henta 13. januar 2014.
- Denne artikkelen bygger på «De 24 historieverk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2020.
Litteratur
endre- Endymion Porter Wilkinson: Chinese history: a manual, Harvard-Yenching Institute monograph series, 0073-084X ; 52, 2000, Harvard University Press, ISBN: 0-674-00247-4