Kinesisk historie
Kinesisk historie er eit omfattande felt ettersom det veldige landet, som einaste sivilisasjonen i verda, har skriftlege kjelder utan avbrot frå dei siste 3500 åra. Kinesarane har tradisjon for å bruka dynastia herskarane deira høyrde til til å dela historia si inn i epokar. Dette har samanheng med at dynastiskifta ofte òg innebar endring i styreform, hovudstad og herskarklasse.
Kinesisk historie
![]() | ||||||
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk) | ||||||
Xià-dynastiet | ||||||
Shāng-dynastiet | ||||||
Zhōu | ||||||
Vår- og haustannaltida | Austlege Zhōu | |||||
Dei stridande statane | ||||||
Qín-dynastiet | ||||||
Vestlege Hàn | Hàn | |||||
Xīn | ||||||
Austlege Hàn |
||||||
Táng-dynastiet |
||||||
Republikken Kina (Táiwān) |
Sivilisasjonen i Kina oppstod ved Huangelva nordaust i landet og breidde seg deretter sørover. Den eldste skrifta me kjenner er frå Shang-dynastiet (1600-1000-talet f.Kr.). Det vart utvikla relativt effektiv administrasjon der embetsmennene (ideelt sett) skulle veljast etter eksamenskarakterar, ikkje arv (som i samtidige Europa). Den tidlege utviklinga av ein statsideologi basert på konfutsianismen (som blei «statsfilosofi» under Han-dynastiet på 100-talet f.Kr.), og utviklinga av eit allment utbreidd skriftsystem (standardisert på 220-talet f.Kr) styrkte òg kinesisk sivilisasjon. Under Qing (1644–1912) nådde keisardømet om lag det geografiske området som omfattar den moderne Folkerepublikken Kina.
Politisk veksla Kina mellom å vere eit sameint storrike og å vere oppsplitta i mindre statar. Landa vart regelmessig angripne og to gonger erobra av andre folkeslag enn han-kinesarar. Samspel med den asiatiske omverda og ei rekkje bølgjer av inn- og utvandring har bidrege til å forma kinesiske folk og kulturar gjennom tidene.
Den kinesiske antikken
endreXia-dynastiet (2070 fvt.-1600 fvt.)
endre- For meir om dette emnet, sjå Xia-dynastiet.
Shang (1600 fvt.-1046 fvt.)
endre- For meir om dette emnet, sjå Shang.
Zhou-dynastiet (1046 fvt.–256 fvt.)
endre- For meir om dette emnet, sjå Zhou-dynastiet.
Vår- og haustannaltida (722 fvt.–476 fvt.)
endre- For meir om dette emnet, sjå Vår- og haustannaltida.
Krigarrika-tida (476 fvt.–221 fvt.)
endre- For meir om dette emnet, sjå Krigarrika-tida.
Qin-dynastiet (221 fvt.–207 fvt.)
endre- For meir om dette emnet, sjå Qin-dynastiet.
Han-dynastiet (202 fvt.–220)
endre- For meir om dette emnet, sjå Han-dynastiet.
Dei tre kongedøma (220–280)
endre- For meir om dette emnet, sjå Dei tre kongedøma i Kina.
Jin-dynastiet (266–420)
endre- For meir om dette emnet, sjå Jin-dynastiet (266-420).
Sekstenkongerika var ein periode frå 304 til 439.
Nord- og Sør-dynastia (420–589)
endre- For meir om dette emnet, sjå Nord- og Sør-dynastia.
Sui-dynastiet (581–618)
endre- For meir om dette emnet, sjå Sui-dynastiet.
Tang-dynastiet (618–907)
endre- For meir om dette emnet, sjå Tang-dynastiet.
Fem dynasti og ti kongerike-tida (907-960)
endre- For meir om dette emnet, sjå Fem dynasti og ti kongerike-tida.
Dynastia Liao, Song, Vestleg Xia, og Jin, 960–1276
endreSong-dynastiet vart skipa i 960 av keisar Taizu. Hovudstaden låg i Kaifeng (også kjend som Bianjing).
Khitanarane sitt Liao-dynasti (907-1125) herska over Mandsjuria, Mongolia og delar av nordlege Kina. Det vestlege Xia-dynastiet (1032-1227) vart skipa av tangutarstammar i dei noverande nordvestlege provinsane Gansu, Shaanxi og Ningxia. Jursjenarar gjorde opprør mot Liao-herskarane, og skipa det yngre Jin-dynastiet i 1115. Liao-dynastiet mista makta heilt til Jin-dynastiet i 1125. Nokre flyktningar frå hoffet skipa det vestlege Liao i Sentral-Asia.
Mongolriket erobra det vestlege Xia i 1227, og Jin-dynastiet i 1234.
I den mongolsk-kontrollerte delen av Kina-regionen skipa Kublai Khan ein hovudstad nord for Luan-elva i 1256.[1] Etter Möngke sin død (1259) hadde ikkje Mongolriket ein hovudstad. Storkhanen utropte seg sjølv som keisar av Kina i 1271, og skipa dermed formelt Yuan-dynastiet.
Yuan-dynastiet (1271–1368)
endre- For meir om dette emnet, sjå Yuan-dynastiet.
Det sørlege Song-dynastiet vart erobra av mongolarane i 1279.
Ming-dynastiet (1368–1644)
endre- For meir om dette emnet, sjå Ming.
Qing-dynastiet (1644–1912)
endre- For meir om dette emnet, sjå Qing.
Frå 1800-talet til ut på 1900-talet var landet for svakt til å slå attende europeisk kolonialisme og japansk invasjon. Samstundes var det interne konfliktar i landet.
Etter Qing-dynastiet
endreKommunistsigeren i den kinesiske borgarkrigen etablerte Folkerepublikken Kina på fastlandet, medan Republikken Kina si regjering heldt fram med å kontrollera Taiwan og nokre mindre øyar i Austkinahavet.
I 1989 fann det stad Demonstrasjonane på Den himmelske freds plass.
Kjelder
endre- ↑ Twitchett 1994, s. 418.
- Bibliografi
Yu, Yingshi (1986). Denis Twitchett; Michael Loewe, red. Cambridge History of China: Volume I: the Ch'in and Han Empires, 221 B.C. – A.D. 220. University of Cambridge Press. s. 455–458. ISBN 978-0-5212-4327-8.</ref> Migration and military expeditions led to the cultural assimilation of the south.<ref>Xu, Pingfang (2005). The Formation of Chinese Civilization: An Archaeological Perspective. Yale University Press. s. 281. ISBN 978-0-300-09382-7.
- Denne artikkelen bygger på «Kinesisk historie» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2010.
- Delar av denne artikkelen bygger på «History of China» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2019.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endreDenne historieartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |