Dei austslovakiske åsane

Dei austslovakiske åsane (slovakisk Východoslovenská pahorkatina) eller Det austslovakiske høglandet er den høgare, fjelliknande delen av Det austslovakiske låglandet.

Dei austslovakiske åsane
åsar
Land  Slovakia
Del av Det austslovakiske låglandet
Kart
Dei austslovakiske åsane
48°50′N 21°47′E / 48.83°N 21.78°E / 48.83; 21.78
██ Dei austslovakiske åsane

Det er ei stripe med åslendt landskap rundt Den austslovakiske sletta, langs Karpatane.

Viktige byar i området er Michaľany, Dargov, Vranov nad Topľou, Strážske og Michalovce.

Eit viktig rekreasjonsområde er vassreservoaret Zemplínska šírava. Salte kjelder finst ved kurstaden Byšta og andre kjelder ved Kuzmice, Veľaty og Kazimír. Området vert nytta til jordbruk.

Kjelder

endre