Den austslovakiske sletta
Den austslovakiske sletta (slovakisk Východoslovenská rovina) er den lågare, flate delen av Det austslovakiske låglandet.
Viktige byar på sletta er Trebišov, Michalovce, Veľké Kapušany, Kráľovský Chlmec og Sobrance
Sletta er vidare delt inn i områda:
- Trebišovská tabuľa
- Malčická tabuľa
- Iňačovská tabuľa
- Závadská tabuľa
- Sobranecká rovina
- Senianska mokraď
- Medzibodrocké pláňavy
- Kapušianske pláňavy
- Laborecká rovina
- Ondavská rovina
- Latorická rovina
- Bodrocká rovina
Sletta er hovudsakleg dekt av løss, elvesediment, løssleire og sand. Fleire vulkanske formasjoner ligg spreidd rundtom på sletta, som Chlmecké kopce eller Tarbucka.
Viktige elvar er Bodrog og sideelvane Ondava, Laborec, Latorica, Uh og Topľa. Eit system av dike og dreneringskanalar er bygd som flaumvern. Her finst òg vasskjelder under jorda. Kald svovelhaldig, surt vatn vert nytta i kurstaden Sobrance.
Jordbruksland dominerer Latoricasletta, der Latorica naturpark ligg. Enger, myrområde, sumpskogar er verna habitat i naturreservata (Latorický luh I og II, Zemplínska jelšina). Sjeldne vass- og myrplanter er òg verna i Tajba-reservatet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eastern Slovak Flat» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2009.