Opna hovudmenyen

Dei fire bøkene i konfutsianismen

Dei fire bøkene (ssu shu) er fire klassiske kinesiske tekstar som skal verka som ei innføring til konfutsianismen. Dei blei valde ut av Zhu Xi under Songdynastiet og omfattar:

  • Ta Hsüeh ('den store læra'), ein tekst av Konfutse med kommentarar av Zeng Zi
  • Chung Yung ('læra om midten'), tillagt Zisi.
  • Lun Yü ('analektane'), ei samling av tala Konfutse og læresveinane hans heldt
  • Skriftene til Menzi (Mencius)

Dei fire tekstane vart brukt som obligatorisk pensumlitteratur til eksiminasjonen av offentlege tenestemenn i Kina frå 1313 til 1905. Dei var tenkt å skulle introdusera kinesiske studentar til den konfusianske tradisjonen og vart følgd av eit studium av dei meir omfattande og tyngre skriftene Wu Ching ('dei fem klassiske bøkene').

BakgrunnsstoffEndra