Dei nordlege Sporadane

Dei nordlege Sporadane (gresk Βορειές Σποράδες, Voriés Sporádes), ofte omtalt berre som Sporadane (gresk Σποράδες, Sporádes), er ei øygruppe i Egearhavet langs austkysten av Hellas, nordaust for øya Évvia. Dei fire hovudøyane er Skiáthos, Skópelos, Alónnisos og Skýros.

Dei nordlege Sporadane (øvst til venstre med nemninga Sporades på kartet).

Administrativt er Skiáthos, Skópelos og Alónnisos kvar sin kommune i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía, medan Skýros er ein kommune i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas.

Sjå òg endre

Kjelder endre