Dei pannoniske øyfjella
Dei pannoniske øyfjella (serbisk Panonske ostrvske planine, Панонске острвске планине) er namna på nokre fjell sør på Den pannoniske sletta i provinsen Vojvodina i Serbia. Fruška Gora og Vršacfjella er nokre av desse fjella. I førhistorisk tird var desse fjella øyar i Det pannoniske havet som forsvann for om lag 600 000 år sidan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pannonian Island Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dragan Rodić, Geografija za I ili III razred srednje škole, Zavod za udžbenike i nastavna sredstva, Beograd, 1995.