Vršacfjella
45°08′22″N 21°24′47″E / 45.13944°N 21.41306°E
Vršacfjella (serbisk: Vršačke planine, Вршачке планине rumensk: Munţii Vârşeţ), òg kalla Vršacåsen (serbisk Vršački breg, Вршачки брег; rumensk Dealurile Vârşeţului), er ei fjellkjede nær Vršac (rumensk Vârşeţ) i provinsen Vojvodina i Serbia og delvis i Romania. Dei er eit sjølvstendig og utprega massiv, 19 km langt og dekkjer eit område på 170 km², der 122 km² ligg i Serbia og 48 km² ligg i Romania. Vršacfjella er forma som ein boge, der dei høgaste fjella ligg i midten og åsar strekkjer seg mot sør og nord.
Toppar
endreVršacfjella har fire større toppar:
- Vršactårnet (Vršačka kula) - 399 m
- Revehovudet (Lisičija glava) - med tre toppar:
- Vršactoppen (Vršački vrh) - 590 m
- Guduricatoppen (Gudurički vrh), som er den høgaste toppen i Vojvodina, med 641 meter over havet.
- Nedre Vršišor (Donji Vršišor) - 463 m
Mellom dei ligg store kløfter, som Turska glava, Đakov vrh og Kamenarica som er populær hos fjellklatrarar.
Dyreliv
endreDet er registrert 120 fugleartar i fjella, eit av dei rikaste fugleområda i Vojvodina og heile Serbia. Andre dyr er grå- og raudrev, hjort, villsvin og ulv.
Kultur
endreDei viktigaste kulturmonumenta i fjella er Vršactårnet frå 1400-talet og Mesić kloster, som i følgje dokument frå 1700-talet vart bygd på 1400-talet, medan det tradisjonelt vert rekna som bygd i 1225.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Vršacfjella Arkivert 2007-07-08 ved Wayback Machine.
- Sjeldne fuglar i Vršacfjella
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vršac Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2008.