Deimos i gresk mytologi

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Deimos.

Deimos (Δεῖμος, dêːmos, 'frykt') var den personleggjorte frykta i gresk mytologi. Deimos var son av krigsguden Ares og kjærleiksgudinna Afrodite.[1]

Deimos er ofte nemnd saman med tvillingbroren Phobos (skrekk) og er knytt til krigsgudinna Enyo (syster eller elskar til Ares) og Ares sine redsletenarar, Deimos er meir ei abstrakt personleggjering av redsla ein kan føla i krig, og opptrer ikkje som nokon eigen person i gresk mytologi. Tilsvarande figurar i romersk mytologi er Fuga, Formido eller Metus.

Dei to månane til Mars er kalla opp etter Deimos og Phobos.

Kjelder endre

  1. Delahunty, Andrew, and Sheila Dignen (2010), «Deimos», The Oxford Dictionary of Reference and Allusion, Oxford University Press