Krig er ei alvorleg, valdeleg konflikt mellom to eller fleire partar. Desse konfliktane kan oppstå over land, ideologiar, tilgang til makt, ressursar eller rikdom, eller ei blanding av desse.

Det oppstår stadig krigar ulike stader i verda, og det kan ta svært lang tid før konfliktane tek slutt. Det kan sjå ut som om krigar er noko som kjem med jamne mellomrom der fleire menneske er samla. Ifølgje Platon er det nødvendig å føra krig for å utvikla ein sivilisasjon; ein må ta ressursar frå andre. Denne koplinga mellom krig og samfunn er sjølvsagt omdiskutert, særleg sidan ein krig som oftast verkar øydeleggjande for alle partar.

Definisjon endre

Krigar oppstår gjerne mellom grupper som definerer seg som ulike, til dømes mellom statar, folkegrupper, tilhengjarar av ein særskilt religion eller ideologi, eller liknande. Ein krig treng minst to partar. Dersom berre ei av sidene bruker vald, dreier det seg «berre» om undertrykking. Ein invasjon fører derfor berre til krig om dei som blir okkuperte gjer opprør.

Ein skil ofte mellom krig og væpna konflikt ut ifrå kvar mange menneske som blir drepne i laupet av eitt år med krigshandlingar. Ved ein væpna konflikt har ein gjerne 25–1 000 drepne i året, medan ein krig har meir enn 1 000 drepne i året.[1][2]

Klassifisering endre

Ulike typar krig, som ofte kan gå over i eller utvikla seg frå kvarandre.

Krigstype Motpartar
Verdskrig Alliansar av land over heile verda
Religionskrig Representantar for ulike religionar eller ulike sekter av ein religion
Territoriekrig Vanlegvis to statar
Sjølvstendekrig Maktgruppa i eit land og innbyggjarar som ønskjer sjølvstende
Borgarkrig To eller fleire grupper innan eit land som kjemper om makta
Geriljakrig eller terrorkrig Makthavarar mot ei mindre gruppe

Krig kan også klassifiserast etter korleis han blir ført:

Ordet kan òg brukast om mindre kampanjar mot uønskte ting (rottekrig, krig mot polio eller narkotika) og i overført tyding: Ordkrig, skyttargravskrig.

Korleis krigar oppstår endre

Ifølgje rasjonalistar, fronta av statsvitar James D. Fearon, oppstår ein krig som følgje av:[3]

  1. Udelelege godar (issue indivisibilities): det som ikkje lèt seg dela, skapar konflikt. Konflikten blir eit nullsumspill.[4]
  2. Ufullstendig informasjon (private information & incentives to misrepresent): begge partar ønskjer å bløffa kvarandre, innbyrdes mistillit.[5]
  3. Forpliktingsproblem (commitment problems): når ein part ikkje held seg til ei semje med truverd.[5]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Methodology» (på engelsk). Heidelberg institute for International Conflict Research. Henta 12. september 2023. 
  2. Håkon Hestvik. «Hvordan definere ulike typer konflikter og kriger?» (på norsk bokmål). Sølvberget. Henta 12. september 2023. 
  3. Fearon, J. D. (1995). Rationalist Explanations for War. International Organization, 49(3), s. 379–414.
  4. Fearon, s. 382.
  5. 5,0 5,1 Fearon, s. 381.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Krig