Delaunay på månen

Delaunay er eit månekrater. Kratera La Caille i sørvest og Faye i nordaust, grensa til ytterkanten av Delaunay. Lenger nordvest ligg det markante Arzachel.

Delaunay på månen
Koordinatar22°12′S 2°30′E / 22.2°S 2.5°E / -22.2; 2.5
Diameter46 km
Djupne1.9 km
Colengdegrad358° ved soloppgang
EponymCharles E. Delaunay

Det er kalla opp etter den franske astronom Charles Eugène Delaunay (1816–1872), som i verket sitt Théorie du Mouvement de la Lune (1860, 1867) gav ei inngåande matematisk handsaming av rørsla til månen.

Dette er ein irregulær kraterformasjon med ein indre rygg som går frå nordaustsida og nesten deler krateret i to. Dette gjev krateret ei hjarteform. Ryggen vert stadig tynnare mot sørvestkanten, før det endar i eit spisst punkt, slik at han ser ut som ei klo. Den ytre kanten av krateret er like ujamn, og den ujamne indre veggen har varierande breidde. Den sørlege kanten er særleg øydelagd av andre nedslag, mellom anna La Caille E, som går inn i det indre.

Satellittkrater endre

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Delaunay.

Delaunay Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 21.9° S 2.0° E 6 km

Kjelder endre