Delbarheit
Delbarheit (engelsk parting) er nemning for at eit mineral kan delast etter særskilde svakheitsplan. Desse kan vere skapt av tvillingdanning, deformasjon eller inneslutningar som er orientert langs visse krystallografiske plan. Som døme kan nemnast diallag, ein varietet av pyroksen. Fenomenet liknar på spaltbarheit, men må ikkje forvekslast med dette.
Kjelder
endre- Delbarhet. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/delbarhet.