Eit mineral er eit naturleg uorganisk stoff som er danna i geologiske prosessar (òg omtala som mineraldannande prosessar) og som har ein definert krystallstruktur og ei bestemt kjemisk samansetjing. Så langt er meir enn 3 500 ulike mineral skildra, og fleire nye blir oppdaga kvart år. Studie av minerala blir kalla mineralogi. Mange mineral er viktige råstoff i kjemisk og metallurgisk industri, og blir da kalla industrimineral eller malm.

Mineralet vermikulitt.
Det gjennomsiktige mineralet muskovitt.

Den kjemiske samansetjinga kan variere frå reine grunnstoff (jf. gull og diamant) til komplekse samansetjinger (jf. silikata) som i visse tilfelle kan variere mellom kjende endepunktar i eit mineralsystem (t.d. feltspat-gruppa).

Følgjande karaktertrekk er ofte nytta til å bestemme kva for eit mineral ein har i hende:

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mineral