Delområde er namnet på ei inndeling av kommunane i Noreg, til bruk for statistikk over innbyggarar og bustadar. Kommunane blir delt inn i delområde, som vidare blir delt inn i grunnkrinsar.

Grunnkrinsar er den minste geografiske eininga Statistisk sentralbyrå fører statistikk over, til bruk for kommunal og regional analyse, forvalting og planlegging.

Ein eller fleire grunnkrinsar utgjer delområde, som altså er ei geografisk eining som ligg mellom kommune og grunnkrins. Dette slik at data som blir for detaljert på grunnkrinsnivå kan løftast opp eit nivå. Det er lagt vekt på at delområda høyrer naturleg saman kommunikasjonsmessig, og gjerne er ei naturleg eining.[1]

Kvar grunnkrins har ei åttesifra talkode, der dei fire første siffera er kommunenummeret, og dei to neste siffera er nummeret for delområde.

Kommunane i Noreg er delt inn i om lag 1543 delområde, og var i 2008 delt inn i 13965 grunnkrinsar.

Kjelder endre

  1. «Delområder og grunnkretser 2014». Statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 14. oktober 2015.