Opna hovudmenyen

Ein kommune er eit mindre administrativt område i eit land. Ordet «kommune» kjem av fransk commune, som blei til under den franske revolusjonen. Commune kjem igjen frå latinsk communia til communis. Det latinske ordet tyder ‘felles’ eller ‘sams’.

I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar.

NoregEndra

Sjå den utdjupande artikkelen Norske kommunar

I Noreg er kommunestyret det øvste politiske organet i kommunen, og det blir vald ved kommune- og fylkestingvalet kvart fjerde år. Då vel lokalbefolkinga, det vil seie kommunen sine innbyggarar, representantar til kommunestyret. Deretter vel kommunestyret ordførar, og han eller ho kjem som oftast frå det største partiet og har fleirtalet i kommunestyret bak seg. Kommunane har òg ein administrasjon med fast tilsette. Den administrative sjefen blir kalla rådmann.

Kommunane vart innført med formannskapslovene frå 1837 og landet vart delt i 392 geografiske område med basis i prestegjelda. Talet på kommunar var størst i 1930 med 747 kommunar. I 2008 var det 430 kommunar i Noreg.

Eit ord som har vore mykje nytta på norsk i staden for kommune er «herad» (nynorsk) eller «herred» (dansk eller bokmål).

Kommuneomgrep i nokre landEndra

Land Kommuneomgrep
  Argentina municipio
  Bahrain بلدي
  Belgia gemeente / commune / gemeinde
  Bolivia municipio
  Kurdistan i Irak شاره‌وانی
  Brasil município (ved Distrito Federal deler ein inn i administrative regionar)
  Canada municipality (engelsk) municipalité (fransk)
  Chile municipio eller comuna
  Colombia municipio
  Costa Rica cantón
  Danmark kommune
  Ecuador cantón
  El Salvador municipio
  Filippinane baranggay
  Finland kunta / kommun
  Frankrike commune
  Færøyane[1] kommuna
  Belgia commune / gemeente / gemeinde
  Grønland[1] kommuneaqoue
  Hellas Δήμος
  Honduras municipio
  Island sveitarfélag
  Italia comune
  Kypros Δήμος/Belediye
  Luxembourg commune
  Mexico municipio (ved Mexicos føderale distrikt deler ein inn i delegaciones)
  Nederland gemeente
  Noreg kommune
  Paraguay distrito
  Peru provincia og distrito
  Polen gmina
  Portugal município / concelho
  Puerto Rico municipio
  Spania municipio (concejo)
  Storbritannia district i England
  Sveits (politische) Gemeinde, commune, comune m.m.
  Sverige kommun
  Tyskland Gemeinde
  USA city, borough i Alaska og parish i Louisiana
  Venezuela municipio

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Færøyane og Grønland tilhøyrer Danmark.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra