Venezuela er delt inn i 23 delstatar, estados, eit venezuelansk hovudstadsdistrikt som svarar til hovudstaden Caracas og eit sentralstyrt øyterritorium kalla Dependencias Federales. Kvar delstat er delt inn i kommunar, municipios. Totalt finst det 335 kommunar, desse igjen er delt inn i tusenvis av sokn, parroquias.
Venezuela gjer eit territorialt krav i Guyana, mellom statsgrensa og elva Essequibo i Guyana. Området er på 159 500 kvadratkilometer og har vore kalla Guayana Esequiba eller Zona en Reclamación, "område med krav på".