Demens er erverva kronisk nedsett kognitivt funksjonsnivå (forstandsaktivitet) i tillegg til redusert dagleg funksjonsnivå i jobbsamanheng og i private samanhengar. Tilstanden er relatert til varig, erverva hjerneorganisk dysfunksjon som kan skuldas ei rekkje ulike sjukdomar såvel som traumatisk skade. Det føregår fleire forandringar i hjernen, som leier til gradvis tap av mental kapasitet.

Avhengig av kva for ein sjukdom som forårsakar demensen, eller kva for hjerneområde som er ramma, vil etablering av nye minnespor, språk, merksemd og eksekutive funksjonar, motorikk, visuospatiale funksjonar osb. kunne rammast. Ein del personar utviklar personlegdomsforandringar med til dømes manglande innsikt, dårleg dømmekraft og aggressivitet. Andre symptom er angst, depresjon, hallusinasjonar, mistru, vrangforestillingar, tvangsmessig åtferd, sviktande evne til å utføra praktiske handlingar og dessutan manglande evne til gjenkjennelse.

Den nedsette hjernefunksjonen går ikkje attende, og pasienten vert ofte gradvis verre, og vil til slutt verta heilt hjelpelaus. Dersom tilstanden opptrer i høg alder, vert gjerne omgrepet aldersdemens (senil demens) nytta, medan ein ofte snakkar om presenil demens dersom vedkomande er relativt ung når symptoma inntrer.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre