Demetrios Poliorketes
Demetrios Poliorketes (337/36–283 f.Kr), var ein konge i Makedonia som levde eit krigersk liv. Namnet Poliorketes er eit tilnamn som tyder «kringsettar av byar», og vart gjeve han under ei kringsetting av Rhodos i 305 f.Kr.
Demetrios Poliorketes | |
Statsborgarskap | kongeriket Makedonia |
Fødd | 336 f.Kr. |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | gamalgresk |
Far | Antigonos I Monofthalmos |
Mor | Stratonice |
Ektefelle | Ptolémaïs, Phila, Eurydice of Athens, Deidamia I of Epirus, Lanassa av Siracusa |
Partnar | Lamia fra Athen, Demo |
Demetrios Poliorketes på Commons |
Faren til Demetrios, Antigonos den einauga, var ein av generalane til Aleksander den store, og etter at Aleksander døydde, kjempa Demetrios saman med faren sin for at Aleksanderriket skulle halde fram som ei samla eining. Etter at faren vart drepen i 301, vart Demetrios først ein sjøkonge uten land. I 294 sikra han seg kongemakta i Makedonia, men vart driven vekk i 288, og døydde altså ikkje lenge etter, i 283.
Demetrios hadde han fleire born i ulike ekteskap som han hadde inngått av politiske årsaker. Sonen Antigonos vant att kongemakta i Makedonia i 276. Deretter sat Antigonideætta etter Antigonos den einauga med makta i landet fram til nederlaget mot romarane i 168.