Den amerikanske grunnloven
Den amerikanske grunnloven er den grunnleggjande loven i USA og er rekna som eit særs viktig dokument der, samstundes som han også har påverka forfatninga i andre land. Han blei vedteken den 17. september 1787 ved kongressen i Philadelphia i Pennsylvania og seinare ratifisert av delegatar frå dei ulike statane som då utgjorde USA. Grunnloven blei verksam den 4. mars 1789. Grunnloven er blant dei eldste som framleis er i bruk,[1] og den eldste føderale.
Grunnloven byggjer på maktfordelingsprinsippet, og gjev den utøvande makta til presidenten, den lovgjevande makta til kongressen og den dømande makta til høgsteretten. Dei første tre artiklane i loven slår fast fordelinga av desse tre maktene og at kongressen skal ha to kammer.
Grunnloven erstatta dei tidlegare Konføderasjonsartiklane til fordel for ein sterkare union styrt av ei føderal regjering. Då delegatar frå ni av dei tretten statane som hadde lausrive seg frå England femten år tidlegare hadde ratifisert grunnloven, markerte det danninga av ein føderal union av sjølvstendige statar.
Grunnlovsendringar
endreDen amerikanske grunnloven er blitt endra i alt 27 gonger sidan 1789, siste gong i 1992. Grunnlovsendringane blir kalla amendments. Dei ti første endringane er kjende som «Bill of Rights» og blei verksame allereie i 1791. Åtte av desse ti grunnlovsendringane handlar i stor grad om borgarretar i høve til statsmakta. Døme på rettar slått fast her er retten til trus- og trykkefridom og retten til å bli dømd av ein jury. Den niande endringa seier at sjølv om visse rettar er nemnde i grunnloven, skal ikkje det tolkast som at folket ikkje også har andre rettar. Den tiande endringa seier at rettar som ikkje er delegerte til det føderale nivået høyrer til dei respektive delstatane eller folket.
Påverknad i andre land
endreDen amerikanske grunnloven var ein viktig inspirasjon for utforminga av den norske grunnloven i 1814.[2]
Bakgrunnsstoff
endre
Teksten til Den amerikanske grunnloven ved Wikisource. |
Norske
- Om den amerikanske grunnloven (Frå Ingrid Semmingsen: En verdensmakt blir til. Aschehoug 1982, s. 97–99, ved cappelendamm.no)
Offisielle amerikanske
- The National Archives Experience — Constitution of the United States (Nasjonalarkivet i USA)
- Analysis and Interpretation of the Constitution of the United States Arkivert 2006-12-06 ved Wayback Machine.: Annotated constitution, with descriptions of important cases (official publication of U.S. Senate) (engelsk)
- United States Constitution and related resources: Library of Congress (engelsk)
Uoffisielle nettsider
- US Law Dictionary Arkivert 2006-08-12 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Audio version of US Constitution: free mp3 download (engelsk)
- The Constitution Society: Research and public education on the principles of constitutional republican government] (engelsk)
- Law about...the Constitution: An overview of constitutional law from the Legal Information Institute (engelsk)
- The U.S. Constitution Online: Full text of Constitution, with some history and annotation (engelsk)
- The U.S. Constitution Online: Record of ratifications by states (engelsk)
- National Constitution Center in Philadelphia: Museum and education center (engelsk)
- Free audiobook from librivox.org (engelsk)
- Annotated Constitution by the Congressional Research Service of the U.S. Library of Congress (engelsk)
- Audio narration (mp3) of The United States Constitution Arkivert 2007-01-16 ved Wayback Machine. at Americana Phonic (engelsk)
- Free typeset PDF ebook of the Constitution and the Bill of Rights, optimized for printing Arkivert 2007-02-11 ved Wayback Machine. (engelsk)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Den amerikanske grunnlova» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2011.
- Fotnotar
- ↑ San Marino har ein eldre grunnlov
- ↑ Eidsvoll og Grunnloven 1814, stortinget.no