Den amerikanske grunnloven

Constitution of the United States

Den amerikanske grunnloven er den grunnleggjande loven i USA og er rekna som eit særs viktig dokument der, samstundes som han også har påverka forfatninga i andre land. Han blei vedteken den 17. september 1787 ved kongressen i Philadelphia i Pennsylvania og seinare ratifisert av delegatar frå dei ulike statane som då utgjorde USA. Grunnloven blei verksam den 4. mars 1789. Grunnloven er blant dei eldste som framleis er i bruk,[1] og den eldste føderale.

Førstesida av den amerikanske grunnloven som ho blei skriven ned av Jacob Shallus, med den kjende opninga «We the People of the United States».

Grunnloven byggjer på maktfordelingsprinsippet, og gjev den utøvande makta til presidenten, den lovgjevande makta til kongressen og den dømande makta til høgsteretten. Dei første tre artiklane i loven slår fast fordelinga av desse tre maktene og at kongressen skal ha to kammer.

Grunnloven erstatta dei tidlegare Konføderasjonsartiklane til fordel for ein sterkare union styrt av ei føderal regjering. Då delegatar frå ni av dei tretten statane som hadde lausrive seg frå England femten år tidlegare hadde ratifisert grunnloven, markerte det danninga av ein føderal union av sjølvstendige statar.

Grunnlovsendringar endre

Den amerikanske grunnloven er blitt endra i alt 27 gonger sidan 1789, siste gong i 1992. Grunnlovsendringane blir kalla amendments. Dei ti første endringane er kjende som «Bill of Rights» og blei verksame allereie i 1791. Åtte av desse ti grunnlovsendringane handlar i stor grad om borgarretar i høve til statsmakta. Døme på rettar slått fast her er retten til trus- og trykkefridom og retten til å bli dømd av ein jury. Den niande endringa seier at sjølv om visse rettar er nemnde i grunnloven, skal ikkje det tolkast som at folket ikkje også har andre rettar. Den tiande endringa seier at rettar som ikkje er delegerte til det føderale nivået høyrer til dei respektive delstatane eller folket.

Påverknad i andre land endre

Den amerikanske grunnloven var ein viktig inspirasjon for utforminga av den norske grunnloven i 1814.[2]

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til Den amerikanske grunnloven ved Wikisource.

Norske

Offisielle amerikanske

Uoffisielle nettsider

Kjelder endre

Fotnotar
  1. San Marino har ein eldre grunnlov
  2. Eidsvoll og Grunnloven 1814, stortinget.no