Den arabiske plata

Den arabiske plata er ei jordskorpeplate som hovudsakleg ligg under Den arabiske halvøya. Saman med den afrikanske og den indiske plata har ho bevega seg nord-nordaustover gjennom millionar av år og kollidert med den eurasiske plata. Dette har ført til hevinga av ei rekkje fjellkjeder, som Kaukasus og Zagros i Vest-Asia.[1] Sidan den arabiske plata beveger seg noko raskare enn den afrikanske, har det også utvikla seg eit riftområde i vest, Daudehavsforkastinga, der ein mellom anna finn Daudehavet.

Den arabiske plata med grense til den eurasiske, afrikanske og indiske plata.
Møteområdet mellom den eurasiske, den annatolske og den arabiske plata.

I tillegg til å dekkja Den arabiske halvøya strekk den arabiske plata seg aust ved Sinai og Raudehavet og nordvest til Levanten. Dei andre platene ho grensar til er:

Den arabiske plata var del av den afrikanske i store delar av fanerozoikum, fram til oligocen. Raudehavsrifta hadde byrja å bli forma i eocen, men dei to platene blei først fråskilde i den påfølgjande geologiske epoken. Sidan oligocen har den arabiske plata bevega seg mot den eurasiske. Ho kolliderte med denne i tidleg miocen.[1]

Den tektoniske kollisjonen fører til hevinga av fjellkjeder som Zagrosfjella i Iran, og til geologisk aktivitet i Iran og Tyrkia, som jordskjelv og vulkansk aktivitet.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 M. Nafi Toksöz; Robert D. Van der Hilst; Margaret H. Benoit; Levent Gülen; Dogan Kalafat; Huseyin S. Kuleli; Chang Li; Youshun Sun, «SEISMIC TOMOGRAPHY OF THE ARABIAN-EURASIAN COLLISION ZONE AND SURROUNDING AREAS» (PDF), 29th Monitoring Research Review: Ground-Based Nuclear Explosion Monitoring Technologies