Opna hovudmenyen
DeadSeaTransform.png

Daudehavsrifta er eit riftsystem som strekkjer seg frå Den aust-anatolske rifta i Søraust-Tyrkia til Raudehavsrifta like utanfor sørspissen av Sinaihalvøya. Ho dannar grensa mellom Den afrikanske plata og Den arabiske plata. Begge jordskorpeplatene rører seg i nord-nordaustleg retning, men den arabiske plata i aust går raskare. Rørslene har danna fleire riftar som mellom anna har blitt til Akababukta, Daudehavet, Galileasjøen og Huladalen.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.