Den blå grotte
- Denne artikkelen handlar om boka. For faktisk grotter, sjå blå grotte.
Den blå grotte er ein roman skriven av Roar Skolmen og utgjeven på Stenersens forlag i 1998.
Historia handlar om Maria, som etter at bestemora ber dei om å kome til Arendal og flytte inn i det gamle huset hennar, får høyre mange historier om familien og faren som ho aldri har møtt. Ho er veldig glad i å lese, og byrjar til og med å lese Bibelen, sjølv om ho ikkje er kristen. Ho møter mange merkelege personar, som jøden Aron og faren til den jamaldrande kjærasten sin.
Då ho blir invitert med på ferie til Capri saman med kjærasten Espen og far hans, opplever ho å krysse ei tidssone i Den blå grotte, og kjem opp igjen 2000 år tidlegare, til keisar Tiberius og Jesus den salva si tid. Ho blir send til keisar Tiberius, som er berykta for å ta jomfrudommen til unge jenter og så drepe dei. Ho klarar å redde både jomfrudommen og livet ved å gjenfortelje Mosebøkene.
Ein får lese mykje om Bibelen og historia til jødane. Boka handlar om både kjærleik, vennskap, sakn og bibelhistoria, i tillegg til å ha trekk frå fantasysjangeren.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |